Bokmelding: Kristian Hagestad

Da Helsetilsynet skulle finne seg sjølv

153-154

Michael 2025; 22: 153–154

doi:10.5617/michael.12404

Ole Berg

Spesialisering og profesjonalisering: en beretning om den norske sivile helseforvaltnings utvikling fra 1809 til 2002. Del 3: 1994–2002: Helsetilsynets historie

Oslo: Statens helsetilsyn, 2024

420 s.

ISBN 978-82-93595-57-1

I 2008 var det 200 år sidan Det kongelige norske Sundhedscollegium i Christiania blei oppretta. Direktøren i Statens helsetilsyn ville markere jubileet og bad i det høvet professor Ole Berg skrive Helsetilsynets historie. Berg tok utfordringa, men ville ikkje avgrense seg til Helsetilsynet. Andre delar av nasjonal helseforvaltning skulle også omtalast, og det måtte gjerast systematisk og grundig, noko som skulle vise seg å bli ein omfattande og langdryg prosess.

Bind tre i dette ambisiøse verket omfattar åra 1994–2002. Tidsavgrensinga er ikkje tilfeldig. Den perioden utgjer ein overgangsfase. Det gamle Helsedirektoratet blei i 1994 omdøypt til Statens helsetilsyn. Namneskiftet var eit politisk signal om styrking av tilsynsfunksjonen. Men andre forvaltningsoppgåver, som tradisjonelt hadde lege i Helsedirektoratet, skulle også ivaretakast. Først i 2003 blei Statens helsetilsyn eit reint tilsynsorgan. Da blei andre saksfelt flytta til det nyoppretta Sosial- og helsedirektoratet, som i 2008 – litt ironisk – blei omdøypt til Helsedirektoratet.

Berg viser korleis krava til Helsetilsynet om styrka tilsynsfunksjon blei følgt opp med utvikling av organisasjon, kapasitet, kompetanse, metodikk og praksis. Sentrale personar, organisatoriske grep og dragkampar mellom juristar og legar blir omtalte og analyserte. Sjølv følgde eg desse prosessane nært, både som fylkeslege og som vikar i leiinga til Helsetilsynet i to periodar 1995–1996. Under lesinga har eg ofte nikka og tenkt at just slik var det. Andre gonger overraskar Berg med observasjonar, informasjon og analyse, som har gitt meg aha-opplevingar.

Som eksempel på innhaldet vil eg trekke fram omtalen av to tilsynssaker i 1990-åra, Diprivan-saka og Bærum-saka, som begge er gitt stor merksemd. Dette var tunge saker, som gjekk over lang tid, som var vonde og vanskelege for alle involverte, og som påverka framtidig praksis i Helsetilsynet. Sakene vekte stort offentleg engasjement både i fagmiljø, media, opinion og blant politikarar.

Bakgrunnen for Diprivan-saka var at to småbarn døde på Sentralsjukehuset i Østfold etter å ha fått anestesimiddelet Diprivan. Det medførte at Helsedirektoratet i 1993 gav 12 legar formell åtvaring eller tilrettevising. Legane stemna staten for å få avgjerda kjent ugyldig. Oslo byrett fann i 1999 at saksbehandlinga ikkje hadde vore tilfredsstillande. Fire av legane fekk oppheva reaksjonen.

Bærum-saka gjaldt påstandar om «aktiv dødshjelp» gjennom terminal sedering. I 1999 gav Helsetilsynet kritikk av Bærum sjukehus og ansvarleg overlege for manglar knytte til rutinar, vegleiing og journalføring. Da eksploderte saka med påstandar om lettvint saksbehandling, uheldig kollegialitet og inhabilitet. Det førte til at departementet i 2000 pressa helsedirektør Anne Alvik til å gå av. Etter at Helsetilsynet hadde tatt opp att saka og fått vurderingar frå nye sakkunnige, fekk den ansvarlege overlegen i 2002 ei formell åtvaring for svikt i journalføring og «fjernbehandling» av ein pasient medan legen var på ferie.

Intensjonen i 2008 var at Bergs historieverk skulle dekke heile perioden 1809–2009. Gjennom fullføring av del tre er det nå ført fram til 2002. På spørsmål om det kjem ein del fire om epoken 2003–2009, har Berg svart at han ikkje er heilt framand for tanken, men at «mitt tentative svar er nei».

Kristian Hagestad

Kristian Hagestad er pensjonert fylkeslege i Vest-Agder.